fbpx Skip to content

Mens me venter på Ryfest 2021 – Konsert med Dag Vagle!

Me inviterer til «Mens me venter på 2021» konsert med Dag Vagle i Hjelmeland Kyrkje, laurdag 5.september. Billettar på Vippsnr.117719 (Nok 250,-) Foto: Sofie Martinsen

Dag Vagle er gjerne mest kjent som vokalist, gitarist og låtskrivar i rockebandet Helldorado, men har i dei seinare åra også vært svært aktiv med Randi Tytingvåg Trio, Wunderkammer, Tres Cojones og Janove. Han jobber også med tidligare Stjernekamp vinnar Rita Eriksen. I 2019 gav han under eget navn ut vinyl singelen «Johnny’s Song/Rake» på TGL Records.
Som soloartist framstår Dag meire nerpå og lavmælt, og med ei ubegripelig og gudbenåda stemmeprakt. Med ei nydeleg blanding av eigne låter og gull fra arkivene til blant andre Gene Clark, Roy Orbison, Elvis Presley, Townes Van Zandt m.fl. er det duka for ei magisk og åndeleg konsertoppleving i Hjelmeland Kyrkje.

Me følger sjølvsagt koronainnstruksar frå kommunale og nasjonale myndigheter, og det vert lagt ut eit begrensa antal billettar til konserten. Desse må kjøpast på Vipps slik at me kan spora dei ved behov.
Konserten med Dag Vagle vert Ryfest sitt vesle «Mens me ventar» bidrag i 2020. Me håper å være tilbake med full festival i 2021.

Back To Top