4.-5. september 2026
Ryfest er ein kultur- og matfestival på vakre Hjelmeland i Ryfylke.
Me fremjer landbruk, lokale mattradisjonar, sider, frukt, sjømat, havbruk, kunst, handverk og kultur!

ÅRETS PROGRAM 2026
Årets Ryfest byr på kunst og handverk, aktivitetar, matopplevingar og konsertar for både små og store. Møt Brannbamsen Bjørnis, sjå Pilt-Olaspelet og få med deg når stjernekokk Christian André Pettersen lagar mat. I tillegg ventar lokale utstillarar, gode smakar og eit program fullt av ting å oppleva gjennom helga.

SIDER, SONG OG EIN SMAK AV HJELMELAND
Velkomen til ein kveld fylt med gode smakar, gode opplevingar og stemningsfull musikk. Me inviterer til ein velsmakande fest der lokal mat og sider står i sentrum, kombinert med god underhaldning i flotte rammer. Kvelden blir runda av med konsert med Hilde Selvikvåg.

DEN STORE KAIFESTEN 2026
Når kvelden senkar seg over Hjelmelandsvågen, blir det fest på kaien med konsertar frå Ingenting og Motskift. Lokale matprodusentar står for matsalet, og det blir bryggedans og livemusikk. Alt ligg til rette for ein skikkeleg fin sensommarkveld under Ryfest.








