fbpx Skip to content

Søknadsfrist er 01.juli 
Me tek i mot søknader også etter fristen dersom me har plass, og produkta passar.

——————————-

Åpningstider utstillingar:
Spinneriet og i Vågen:
Laurdag frå kl 10.00-16.00

Rigging av stands / tider
Vågen: Frå fred kl.08.00 til laurd.kl.09.30
Spinneriet: Fredag ettermiddag/kveld, samt lørd kl.07.30 til kl.09.30

Utstillarreglar for Ryfest

1. Søknadsfrist er 01.juli. Du får bekrefting om du har fått plass eller ikkje innan ca 2 veker etter at fristen er gått ut. Etter at plassen er bekrefta er påmeldinga bindande og standleiga vil verta innkrevd i sin heilhet. Unntak ved sjukdom (legeattest må framleggast) eller dersom me finn ein annen utstiller som fyller kriteria for deltaking.

2. Kun varer/produkt som er påmeldt kan visast på utstillinga. For utstillarar som sel matvarer må salsinnretningar og vareutval vera godkjend av mattilsynet i bustadkommunen. Godkjenningsbevis skal takast med og visast ved eventuell inspeksjon. 

3. I tillegg til kvalitet på produkta, ynskjer vi å prioritera mangfaldet innafor oppdrettsnæringa, frukt- og  sidernæringa, landbruksnæring, husflid, kunst og handverk. Ved uttak av utstillarar prioriterer arrangøren desse.  Arrangøren kan og, etter ei samla vurdering, ta inn andre deltakarar.

4. Organisasjonar som ynskjer å selja lodd under festen, må søke om løyve minst 30 dagar før arrangementet. Godkjenning frå lensmann/politi må liggje ved søknaden.

5. Det er ikkje tillat å dele ut reklamemateriell o.l. som ikkje refererer til varene du sel.

6. Standsplass/serveringsplass skal være betjent når festivalen er åpen for publikum og skal ikkje demonterast før festivalen er avslutta for dagen. Brot på denne regel vil medføra ekstra gebyr på kr.1000,- Utstillar har óg ansvar for å rydde standplass etter seg.

7. Arrangørane sørgjer for reinhald av innan- og utandørs publikumsareal. Reinhald av standplass under festivalen er utstillarane sitt ansvar. Det vert satt opp søppelspann på heile området.

8. Utstillarane må sjølv sørgje for å dekke nødvendige forsikringar i tilfelle tjuveri eller hærverk.  Me har frivillige vakter i Vågen natt til laurdag og natt til sundag kl.2300 til kl.0700.

9. Når utstillingen er demontert skal standplass leverast rydda og fri for dekorasjonar, spiker o.l. Utstillar er ansvarlig for eventuelle skader utover vanlig slitasje.

10. Alle utstillarar er bundet av dette reglementet. Arrangør avgjer med bindande verknad tvistar om forståing av reglementet. 

11. All ferdsel på utstillingsområdet og tilgrensande areal skjer i samsvar med retningslinjer for trafikkregulering fastsett av arrangøren. Det kan berre parkerast på tilviste plasser.

12.Demonstrasjonar, utdeling av vareprøvar, bruk av film, lydbånd, video o.l. må meldast frå om til arrangør på førehand. Bruk av tale/sangforsterkarar, annonsering av varer/tilbod over høgtalar på standen er ikkje tillete. 

13. Arrangøren tek undan rett til å avlyse festivalen eller deler av denne dersom det syner seg uråd å gjennomføre tilskipinga på grunn av t.d. force majeur, krig, terroråttak, brann, vasskade, ved større skader på bygningar eller tekniske skader på utstillingsområdet og enkeltstandar. Ved avlysing i samsvar med desse punkta i reglane, skriv arrangøren frå seg ansvar overfor utstillarane som følgje av avlysinga. Ryfest er ikkje pliktig å betala attende leige som er betalt inn på førehand. 

14. All bruk av rusmidler under åpningstidene er forbudt 

Back To Top