fbpx Skip to content
Ryfest er ein kultur- og matfestival på vakre Hjelmeland i Ryfylke.

Ryfest fremjer landbruk, lokale mattradisjonar, frukt, sider, sjømat, havbruk, kunst, handverk og kultur!

Ryfest har som mål å vera ei festhelg for heile familien, der matglede og kultur står i sentrum. Viktige og tradisjonsrike Ryfylkenæringar som fruktdyrking, havbruk, landbruk og kunsthandverk får høve til å presentera seg – og lokale artistar står på scena saman med nasjonale.

Frukt, sjømat og sider
Mange vitjar Ryfest kvart år for å smaka og kjøpa småskala lokalmat, frukt, sjømat, sider, laks og kveite med meire. Har du spørsmål om varene, kan du vera heilt trygg på å få fagleg hjelp. På festivalområdet i Vågen er det som regel mykje kjekt å sjå og smake, samt kjekke aktivitetar.

Antall besøkande ligg på ca 5000 ila helga, men kan varierer noko avhengig av veret. Me har rundt 30 handverks-utstillarar i Spinneriet og rundt 50 utstillarar i Vågen. På kveldstid har me fest og basar, med kjente band, samt mat- og gourmet kveldar mm.

Back To Top