Frukt, fisk og landbruk/jordbruk







Bryggefesten
Dette er dagen i året der stort og smått samlast, folk frå heile området, innflyttarar, utflyttarar, hyttefolk og andre møtes til ein durabeleg fest med konsert, dans og moro.
Dei siste åra har opp mot 800 besøkande funnet vegen til teltet i Vågen, der me har hatt kjente navn som Stavangerkameratane, Staut, Admiral P og Vinni på besøk. I 2021 er det altså Gunslingers som skal sette fyr på teltet, saman med eit lokalt band som vert bekrefta seinare.

Prisvinnande Eplempost i frå Grønvik Gard
Garden ligg i det frodigaste av Ryfylke, i ei vestvendt og grønnkledd li ved den gnistrande. Fisterfjorden i Hjelmeland kommune. Garden vart godkjend som økologisk fruktgard i 2008.
Elisabeth Grønvik, ildsjela bak Grønvik Gard, har gjennom mange år utvikla produkta sine til å verta eit av dei mest renommerte og kvalitetssterke produkta i landet. I tillegg til eplemost, stiller Grønvik gard med diverse andre godsaker av frukt.

Helikpoterturar med Pegasus Helicopter

Mesterkokkelauget Rogaland
Mesterkokkelauget Rogaland har vore eit fast innslag på Ryfest i mange år. Du finn dei i det store matteltet
på kaien. Dette er nokre av dei dyktigaste kokkane i fylket, og me kan garantere eit matoppleving utanom det vanlege.
Med hovedvekt på havets skattekammer, får ein blant anna servert ei fantastisk fiskesuppe, samt sushi og gode dessertar.
Gå heller ikkje glipp av ei framifrå grillavdeling!

Kunst- og Handverksmesse i Spinneriet
Kunst- og håndverks utstillinga held som vanleg til på Spinneriet. Det staslige, restaurerte
Spinneribygget frå 1873 er heim for rundt 30 utstillarar med ulike formar for kunstuttrykk.
Utstillinga er åpen fredag fråm kl.15.00-17.00 og laurdag frå kl.10.00-16.00 ( Gratis inngong fredag)

Kokkekurs for born & unge ved Mowi
I telt på kaia inviterer Mowi til kurs for framtidas frukt- og lakseelskarar!
Borna vert tatt med inn i Sushi verdenen, med rulling av maki med laks og gode grønsaker.
Det heile vert avslutta med ein sprek dessert med frukt. Passar for born mellom 6-12 år, og det er gratis.

Jazzgudsteneste i Hjelmeland kyrkje
Ingen festival utan ei feiande flott jazzgudsteneste i Hjelmeland kyrkje.
Hjelmeland sitt velspelande storband krydrar gudstenesten med heftige tonar og dyktige solistar.

Mowi
Vår trufaste samarbeidsparntar Movi er som vanleg på plass i Vågen.
Her har dei infostand, akvarie med levande fisk, konkurransar, smaksprøvar, demo på røyking av laks mm. Det er og mulig å kjøpa laks og kveite på standen.