fbpx Skip to content

Frukt, fisk, Sider, landbruk  og jordbruk

Ryfest er tufta på dei viktigaste næringane i Hjelmeland kommune, slik som frukt, fisk, sider og landbruk. På festivalen vil du finna eit bredt utval av produkter i frå desse næringane. Siderklynga, Rogaland Frukt- og bærdyrkarlag, Hjelmeland Bondelag, Mowi, Sterling White Hallibut, Mikals Laks, Ryfylke gardsysteri, Bondens
Marknad med fleire er til stades med kvalitetsprodukter frå desse felta.

Prisvinnande siderprodusentar frå hjelmeland!

Sider er det nye gullet på Hjelmeland.

Apal Sider, OmCider, Buhagen Gard  og Eianes Gard er aller representert på årets Ryfest. Du finn dei samla i siderteltet på kaia. Her kan du lære meir om sider, siderproduksjon og sider med mat.

Smaken av ryfylke

Smaken av Ryfylke finn du i matteltet på kaia. Her finn du veldig god mat laga av lokale råvarer

 

Mowi

Vår trufaste samarbeidsparntar Movi er som vanleg på plass i Vågen.
Her har dei infostand, konkurransar, smaksprøvar, demo på røyking av laks mm. Det er og mulig å kjøpa laks på standen.

Kunst- og Handverksmesse i Spinneriet

Kunst- og håndverks utstillinga held som vanleg til på Spinneriet. Det staslige, restaurerte
Spinneribygget frå 1873 er heim for rundt 30 utstillarar med ulike formar for kunstuttrykk.
Hjelmeland bygdekvinnelag sørgjer for kaffi og litt å bita i her.

Jazzgudsteneste i Hjelmeland kyrkje

Ingen festival utan ei feiande flott jazzgudsteneste i Hjelmeland kyrkje.
Hjelmeland sitt velspelande storband krydrar gudstenesten med heftige tonar og dyktige solistar.

ryfest-8
ryfest-4
ryfest-3
ryfest-6
ryfest-9
Back To Top