Skip to content

Det beste frå fjord og fjell

Frukt, fisk, sider, landbruk og handverk – det er desse næringane me byggjer Ryfest på. Og kvar haust samlar me dei som dyrkar, lagar, røyker, ystar og pressar fram dei beste smakane frå Hjelmeland, Ryfylke og regionen vår.

På festivalen møter du alt frå store produsentar til små, kreative nisjar. Her er både lokale siderprodusentar, gardar med ost og kjøt, frukt- og bærdyrkarar, marknadsboder og sjømatfolk med medbrakt frå fjord og hav.

Alt er kortreist, ekte og laga med stoltheit.

Prisvinnande siderprodusentar frå hjelmeland!

Sider er det nye gullet på Hjelmeland.

Apal Sideri og OmCider representert på årets Ryfest. Du finn dei samla i siderteltet på kaia. Her kan du lære meir om sider, siderproduksjon og sider med mat.

Smaken av ryfylke

Smaken av Ryfylke finn du i matteltet på kaia. Her finn du veldig god mat laga av lokale råvarer

 

Mowi

Vår trufaste samarbeidsparntar Mowi er som vanleg på plass i Vågen.
Her har dei infostand, konkurransar, smaksprøvar og mye kjekt. Det er og mulig å kjøpa laks på standen.

Kunst- og Handverksmesse i Spinneriet

Kunst- og håndverks utstillinga held som vanleg til på Spinneriet. Det staslige, restaurerte
Spinneribygget frå 1873 er heim for rundt 30 utstillarar med ulike formar for kunstuttrykk.
Hjelmeland bygdekvinnelag sørgjer for kaffi og litt å bita i her.

Jazzgudsteneste i Hjelmeland kyrkje

Ingen festival utan ei feiande flott jazzgudsteneste i Hjelmeland kyrkje.
Hjelmeland sitt velspelande storband krydrar gudstenesten med heftige tonar og dyktige solistar.

ryfest-8
ryfest-4
ryfest-3
ryfest-6
ryfest-9
Back To Top